Vi sel juletrea dine

- Rett pris på rett tre

Fjelledelgran

- Det norske juletreet

Sosialt og fagleg felleskap

- Læring gjennom produksjon

Trygg handel

- Tillit og gode prisar

Om oss

Norsk Juletreservice AS er eit produsenteigd salselskap som sel juletre til grossistar, kjeder og torghandlarar. Kontorstaden vår er på Bratthetland i Hjelmeland kommune, Rogaland, medan produsentane våre held til mellom Bergen og Kristiansand.

Selskapet blei stifta i 1998. Det er 80 aksjonærar og mange av desse er produsentar og leverer tre til selskapet. Me engasjerer oss i heile produksjonen frå planter til ferdige tre, med fagsamlingar og studieturar. Kvart år set me av midler til forskning og utvikling av næringa. Me samarbeider med Dansk Juletræsdyrkerforening. I tillegg driv me eigne prosjekt.

Me sel juletre over heile landet og eksporterer tre til Danmark, Tyskland, Nederland og England.

Produsentar som ikkje er aksjonærar i selskapet kan også levere tre. Ta gjerne kontakt om du har tre for salg.

Kontakt oss

Produksjon

Norsk Juletreservice har dei siste åra utvikla seg til å bli ein viktig aktør i omsetjinga av juletre i Norge. Me leverer tre over heile landet, dei siste åra har me også eksportert tre til Danmark, Tyskland, England og Nederland. Tilbakemeldingane frå våre kunder har vore særs gode.

Hovudproduktet vårt er Nordmannsedelgran, men nå har me også ein del produsentar som leverer Fjelledelgran. Hjå oss finn du kvalitetssikring i alle ledd med besøk i plantasjane, merking av tre, palling og transport. Saman med produsentane har me som mål å få solgt flest muleg tre i plantasjane. Dette gir tillit og gode prisar.

For å få til det må me stelle godt med trea. Gjennom fagsamlingar fordelt på vår og haust tek me for oss utfordringane som næringa har. Erfaringsutveksling og det sosiale har ei viktig rolle på desse samlingane. Eit stort og aktivt produsentmiljø er viktig i utviklinga av Norsk Juletreservice. Me samarbeider tett med Norsk Pyntegrønt, Bioforsk og den Danske Juletræsdyrkerforening.

Som produsent hjå oss får du også hjelp til merking, hogging og palling av tre.

Følg oss

Me er aktive på sosiale medier. Følg oss for fleire bilder av våre juletre og kvardagen som juletreprodusent.

Følg oss på Facebook

Nyhetsbrev

Motta nyhetsbrev fra oss. Me held dykk oppdatert enten om du er produsent eller forhandler.

Nyhetsbrev

Kontakt oss

Ynskjer du å bli forhandler av juletre? Eller ynskjer du å bli produsent hjå oss? Ta kontakt så svarer vi på dine spørsmål.

Kontakt oss