Norsk Juletreservice AS feirer 25 år! I den forbindelse har Jone Hagalid samla samen historien til selskapet i eit Jubileumsskriv

 

 

 

NORSK JULETRESERVICE ETTER 25 ÅR

 

 

 

BAKGRUNN

 

Frå Ca 1990 og utover 90-talet starta stadig fleire bønder opp med dyrking av edelgran til juletre. Terje Pundsnes som då jobba hjå Fylkesmannen Landbruksavdelinga (FMLA),  var ein viktig stimulator og pådrivar. Ein kunne også søkja om BU-midlar for å starta juletre-produksjon,

 

Nokre år tidlegare hadde Peter Sigmundstad starta med salg av småplanter til juletreprodusentar og andre som produsertre pyntegrønt. Sigmundstad Grønt vart oppretta for dette salget.

Han samarbeidde nært med Frijsenborg Planteskole og Torben Leisgaard i Danmark, og dei fleste plantene kom derfrå.

 

Ola Hagalid hadde drive med produksjon og salg av juletre i mang år og var på jakt etter norsk edelgran. Saman med Jone Hagalid og Jan Hetland, kjøpte dei fleire nyetablerte edelgranfelt på rot. Edelgran såg ut til å bli eit populært juletre. Det var stor etterspurnad etter norsk edelgran.

 

Dei kjøpte også ferdige juletre frå andre produsentar i Ryfylke og på Haugalandet.

Dette var mest med tanke på eige detaljsalg, men mengda tre vart etter kvart så stor at dei også starta med engrossalg. Dei hadde kundar både på Sørlandet og Austlandet.

 

 

 

 

KVIFOR STARTA ME NORSK JULETRESERVICE AS?

 

Det var fleire som tenkte at ideen om å yta tenester til juletre-  og pyntegrøntnæringa var god, og det vart oppretta fleire selskap i Rogaland som dreiv med dette.  Peter og Jone tenkte difor at det var lurt å starta eit samarbeid for å styrka salget av planter og juletre. Torben Leisgaard var også med i diskusjonen. Han var interessert i at me hadde ein marknad for småplanter.

 

Etter fleire  møte kom me fram til at å omdanna Sigmundstad Grønt til AS var den beste måten å organisera seg på. Kristian Hagalid var interessert i å vera med som aksjonær og å bidra med sin økonomiske kunnskap. I november 1998 vart Sigmundstad Grønt AS oppretta med ein aksjekapital på 100.000 kr. Me skulle bli ein meir komplett aktør i bransjen opplyste Peter (dagleg leiar) til Aftenbladet. Me skulle tilby alt frå planter av den beste kvaliteten, råd undervegs og salg av det ferdige juletre.

 

Notis i Stavanger Aftenblad våren 1999

 

 

STRATEGIAR VED OPPSTART

 

Ved oppstarten av Sigmundstad Grønt AS var det å finna vegen vidar sterkt prioritert. Alt ved oppstarten bestemte me at det skulle utarbeidast eit stratgidokument for selskapet og at det skulle munna ut i ein BU-søknad om midlar til bedriftsutvikling. Peter vart tilsett som dagleg leiar.

 

I januar vart det arranger «styreseminar» over to dagar der mange spørsmål vart diskutert, bl a forholdet vårt  til dyrkerane og Ryfylke Forsøksring. I tillegg til å stå for salg av planer og juletre, skulle me ta over salget av pyntegrønt frå Ryfylke Forsøksring.

 

Våren 1999 utarbeidde me ein prosjektplan med denne foretningsideen:

-       Å omsetja planter til juletre- og pyntegrønt-produksjonen i Norge

-       Å vera eit salgsledd for juletre og pyntegrønt

Me grunngav behovet for å styrka og utvikla bedrifta med:

-       Aukande konkurranse og nye bedrifter i marknaden

-       Overproduksjon av planter som presser prisane på kort sikt

-       Salgsorganisasjon for juletre og pyntegrønt skal utviklast

-       Ønskje om ei aktiv og veksande verksemd

-       Ønskje om ein sterk og solid organisasjon

 

 

 

 

Prosjektet hadde eit budsjett på 160.000 kr, og me søkte om 80.000 kr i BU- midler.

 

Ved etableringa fekk me gode råd av Kaj Østergaard, direktør i Dansk Juletrædyrkerforening. Han hadde vore med å etablert Naturdan AS som var eit dansk salgsselskap der dyrkarane var eigarar. (Selskapet gjekk konkurs etter 3 år).

Dei viktigast råda hans var:

-       Der skal formuleres og fastholdes en meget klar politikk hvedrørende leverancerne

til selskabet.

-       Personalet bør være fleksibelt og bør som udgangspunkt bestå af branchekendte folk

 

 

 

 

FLEIRE EIGARAR OG PRODUSENTAR

 

For å styrka selskapet vart det fort klart for oss at me måtte ha med fleire dyrkarar/aksjonærar. Det var då nærast å ta kontakt med Olav Ravnås og Svein Alsvik i Bjørheimsbygd. Me visste at dei satsa seriøst og stort på juletreproduksjon. Alt i 1999 vart dei med.

 

Me starta raskt ein diskusjon der konklusjonen var å få med fleire. Me tilbaud folk i næringa til å kjøpa 8 aksjar i NJS for 10.000 kr. Mange dyrkarar såg at dei måtte ha eit salgsledd for ferdige juletre og pyntegrønt og interessa for å kjøpa aksjar var stor.

 

Etter fleire rundar med aksjeutviding hadde me ein aksjekapital  på 498.000 kr ved utgangen av 2003 fordel på ca. 45 aksjonærar. Aksjonærane skulle vera prioritert ved salg av juletre og kjøp av planter.

 

Å halda på dei eksisterande produsentane og å rekruttera nye har fram til i dag vore viktig for NJS. NJS er avhengig av dyktige produsentar som leverer kvalitetstre. Det har vore fleire rekrutterings-tiltak gjennom åra. Det siste var etableringa i 2022 av eit prosjekt innan rekruttering og rådgjeving. Gjennom prosjektet vil ein heva kunnskapen, styrka kvaliteten og sikra framtidig utvikling. Dette er eit prosjekt som framleis pågår.

 

Foldar om rekrutteringsprosjektet

 

 

 

 

NETTSIDE

 

I oktober 1999 sendte me ut eit kundeskriv til dyrkerane Her opplyser me m.a.

«I nær framtid vil våre nye nettsider på internett vera tilgjengelege. Der vil du finna informasjon om planter og juletredyrking. Det er også lagt opp til lenker til informasjonskjelder som er aktuelle for oss som juletredyrkarar.»

 

Ved oppstart av nettsida vår fekk me ei helsing frå landbruksdirektøren Jon Ola Syrstad: «Det er all grunn til å ynskja Sigmundstad Grønt AS til lukke med introduksjonen på nettet (…) Gratulerer og til lukke med endå eit pionersteg»

 

 

 

 

E-post frå Landbruksdirektøren

 

 

 

Utsnitt av foldar 2004

 

 

 

SALG AV PLANTER

 

Ein viktåg bakgrunn for NJS var Sigmundstad Grønt. Å fortsetja med aktiviteten her var  ein del av grunnen til å etablera Norsk Juletreservice as (. NJS). Det var naturleg å fortsetja samarbeidet med Torben Leisgaard og Frijesenborg Planteskole. Dei leverte barrotsplanter til juletre  og pyntegrønt. Det var viktig å levera planter frå ein erfaren og etablert planteskule.

 

Pluggplanter var også svært aktuelt i juletreproduksjonen, særleg større plugg. Pluggplantene kunne starta veksten straks dei kom i jorda og dei kunne  plantast om sommaren. Det var og ynskje om å levera norskproduserte planter. Henry Ådland på Ombo hadde starta produksjon av pluggplanter. Han produserte også fjelledelgran som pluggplanter. Terje Pundsnes var også her ein viktig pådrivar. For NJS skulle Ådland Planteskule vera ein viktig leverandør og NJS fekk med seg Henry som seljar både av planer og juletre.

 

Seinare har NJS omsett planter frå mange planteskular både i Norge og Danmark. Omsetning av planter har alltid vore ein viktig del av verksenda til NJS. Gode planter er ei viktig grunnlag for kvalitetstre.

 

 

 

SALG AV JULETRE

 

Å selja juletre skulle vera kjerneverksemda til NJS. Frå det litle kvantumet med hadde med oss ved etableringa  auka mengda tre jamt og trutt.

 

I sesongen 2004 vart det selt ca. 9.000 tre. Det var betydeleg mindre enn det som var budsjettert med grunnlag i kor mange planter som var omsett og planta. Det kunne sjå ut som om vekstida frå planting til ferdig tre var lengre enn planlagt. Dessutan overlevde ein del planer ikkje pga skadedyr, ugras, klima osv. Ett like stort problem var at kvaliteten på mange tre var vanskeleg å selja.

 

For NJS var mengde tre som kunne seljast eit viktig  driftsgrunnlaget i framtida.

Det vart sett auka fokus på kvalitetsarbeid i juletrefelta, og at kvaliteten på trea var avgjerande for økonomien både til dyrkarane og selskapet.

 

For å ha økonomi og resursar til å arbeid med kvalitet og dyrkingsteknikk kom det opp ein diskusjon om å innføra FoU-avgift (Forsking og Utvikling) på tre som NJS omsette.

Det vart på GF i 2007? vedteke å innføra FoU-avgift på alle omsette tre. Det vart laga ein eigen instruks for korsleis FoU-avgifta skulle brukast.

 

I perioden 2007-2012 var ei viktig tid for NJS. Etter nokre år med færre tre enn planlagt, overproduksjonn i Danmark og låge prisar såg alt lysare ut. Fleire norske tre kom på marknaden, den danske produksjonen var over toppen og prisane steig. Plasttre var noko me berre hadde høyrt om frå USA..

 

I denne perioden omsette NJS desse tala norske juletre:

 

            2007:   49.000

            2008:   92.000

            2009:   95.000

            2010:   90.000

            2011:   60.000

            2012.   48.000

 

I 2009 vart ca 65.000 tre selte innanlands. 35.000 vart selte til 4 store kundar der Plantasjen var den største.  30.000 tre vart selde til ca. 70 torghandlarar. Mange av kundane var i Rogaland og Oslo-området, men det var enkeltkundar i heile landet. I 2009 leverte  NJS også tre til ein kunde i Longyearbyen.

 

Å ha nokre store kundar som kjøper store kvantum tre av fleire kvalitetar har vore ein suksè-faktor for NJS. Ved å ha levert tre til Coop-avdelingar i Rogaland i ei årrekkje, var grunnlaget lagt for at ein kunne inngå ein avtale med Coop Norge om levering til Coop- Byggmarket

 

 

 

MARKVANDRING OG MASKINDEMONSTRASJON

 

I det same skrivet innbyr me til fagdag og merkvandring med maskindemonstrasjon hjå Olav Ravnås. Det var JUTEK som kom frå Danmark med maskiner som dei meiner var passande for mindre areal. Ryfylke Forsøksring var invitert med.  Me satsa på bål, kaffi og god drøs!

 

Eg vil påstå at dette er spira til det som i dag er Norsk Joletremesse.

 

Me arbeidde aktivt med å fremma fagkunnskap og å etablera eit aktivt dyrkarmiljø. Me samarbeid særleg med Ryfylke Forsøksring, Rogaland Juletre- og pyntegrøntlag (RJPL)  Pyntegrønringen og Planteforsk på Særheim om markdagar og fagmøte

 

21-22 mars 2003 arrangerte me i lag med RJPL og Pyntegrøntringen «Fagseminar i juletreproduksjon». Kaj Østergaard frå Danmark orienterte om marknaden i Europa og korleis me kunne samarbeida. Gry Kolsrud Bjerketvedt orienterte om  kva den nyoppretta Pyntegrøntringen kunne tilby. Produsentar frå heile landet var innbydd. Me var også på  «klyppekurs» i plantasjen til Gorden Haaland.

 

Utsnitt av foldar 2004

 

 

 

SALG AV PLANTER

 

Ein viktåg bakgrunn for NJS var Sigmundstad Grønt. Å fortsetja med aktiviteten her var  ein del av grunnen til å etablera Norsk Juletreservice as (. NJS). Det var naturleg å fortsetja samarbeidet med Torben Leisgaard og Frijesenborg Planteskole. Dei leverte barrotsplanter til juletre  og pyntegrønt. Det var viktig å levera planter frå ein erfaren og etablert planteskule.

 

Pluggplanter var også svært aktuelt i juletreproduksjonen, særleg større plugg. Pluggplantene kunne starta veksten straks dei kom i jorda og dei kunne  plantast om sommaren. Det var og ynskje om å levera norskproduserte planter. Henry Ådland på Ombo hadde starta produksjon av pluggplanter. Han produserte også fjelledelgran som pluggplanter. Terje Pundsnes var også her ein viktig pådrivar. For NJS skulle Ådland Planteskule vera ein viktig leverandør og NJS fekk med seg Henry som seljar både av planer og juletre.

 

Seinare har NJS omsett planter frå mange planteskular både i Norge og Danmark. Omsetning av planter har alltid vore ein viktig del av verksenda til NJS. Gode planter er ei viktig grunnlag for kvalitetstre.

 

 

 

SALG AV JULETRE

 

Å selja juletre skulle vera kjerneverksemda til NJS. Frå det litle kvantumet med hadde med oss ved etableringa  auka mengda tre jamt og trutt.

 

I sesongen 2004 vart det selt ca. 9.000 tre. Det var betydeleg mindre enn det som var budsjettert med grunnlag i kor mange planter som var omsett og planta. Det kunne sjå ut som om vekstida frå planting til ferdig tre var lengre enn planlagt. Dessutan overlevde ein del planer ikkje pga skadedyr, ugras, klima osv. Ett like stort problem var at kvaliteten på mange tre var vanskeleg å selja.

 

For NJS var mengde tre som kunne seljast eit viktig  driftsgrunnlaget i framtida.

Det vart sett auka fokus på kvalitetsarbeid i juletrefelta, og at kvaliteten på trea var avgjerande for økonomien både til dyrkarane og selskapet.

 

For å ha økonomi og resursar til å arbeid med kvalitet og dyrkingsteknikk kom det opp ein diskusjon om å innføra FoU-avgift (Forsking og Utvikling) på tre som NJS omsette.

Det vart på GF i 2007? vedteke å innføra FoU-avgift på alle omsette tre. Det vart laga ein eigen instruks for korsleis FoU-avgifta skulle brukast.

 

I perioden 2007-2012 var ei viktig tid for NJS. Etter nokre år med færre tre enn planlagt, overproduksjonn i Danmark og låge prisar såg alt lysare ut. Fleire norske tre kom på marknaden, den danske produksjonen var over toppen og prisane steig. Plasttre var noko me berre hadde høyrt om frå USA..

 

I denne perioden omsette NJS desse tala norske juletre:

 

            2007:   49.000

            2008:   92.000

            2009:   95.000

            2010:   90.000

            2011:   60.000

            2012.   48.000

 

I 2009 vart ca 65.000 tre selte innanlands. 35.000 vart selte til 4 store kundar der Plantasjen var den største.  30.000 tre vart selde til ca. 70 torghandlarar. Mange av kundane var i Rogaland og Oslo-området, men det var enkeltkundar i heile landet. I 2009 leverte  NJS også tre til ein kunde i Longyearbyen.

 

Å ha nokre store kundar som kjøper store kvantum tre av fleire kvalitetar har vore ein suksè-faktor for NJS. Ved å ha levert tre til Coop-avdelingar i Rogaland i ei årrekkje, var grunnlaget lagt for at ein kunne inngå ein avtale med Coop Norge om levering til Coop- Byggmarket

 

over heie landet i 2018. Denne avtalen har vore avgjerande for å få omsett ein betydeleg mengde av dei produserte trea dei siste åra.

 

På same tida (2009) eksporterterte NJS ca. 30.000 tre. Trea vart eksporterte i samarbeid med Green Team i Danmark og Ligos. England og Tyskland var hovudmarknaden. Eksporten var ei viktig  og kjærkommen nisje, særleg fordi NJS kunne omsetja tre som det var liten marknad for i Norge. Særleg breiare tre kunne seljast.

 

Det var ingen erfaring med eksport av juletre på denne tida. Læringskurva var bratt for NJS, men også for fleire offentlege instansar som Mattilsynet. Med kvart lass skulle det bl.a. fylgja «Sunnhetssertifikat» som fortalte om kva lasset inneheldt og kvar det skulle osv. Pallane skulle også godkjennast. Å få alle papir på plass var eit omfattande og nødvendig arbeid. Manglar her kunne føra til at lassa blei ståande. På det meste sendte NJS over 40 lass ut av landet.

 

Som ein ser minka talet seldte tre i 2011-12. Det var etterspurnad etter tre og gode priser, men NJS hadde for få tre å selja. Tanken om å omsetja importerte tre frå Danmark dukka opp, og det vart gjort i fleire år. Dette var viktig for å ha eit tilbod til kundane

 

Satsinga på Fjelledelgran vart også trappa opp.

 

 

 

 

SATSING PÅ FJELLEDELGRAN

 

Det hadde vore arbeidd i mange år for å etablera Fjelledelgran som  eit viktig juletre i Norge. Det var liten kunnskap om produksjonen og kva proveniensar som  gav det beste treet. NJS ynskte å vera aktiv i dette arbeidet. Å etablera eit typisk norsk juletre med edelgran-eigenskapar såg ein som eit framtidsretta produkt,

 

Over tid var det også planta ein god del fjelledelgran av mange proveninsar. Med utgangspunkt i statistikken over plantesalget, konkluderte NJS med at det ville komma ei betydeleg mengd fjelledelgra på marknaden i løpet av nokre år. Det vart difor sett i gang eit prosjekt i 2011 «Det norske juletreet».

 

Fjelledelgran var eit produkt som skulle konkurrera med den vanleg nordmannsgrana. Fjelledelgan er smalare, har større fargevariasjon og luktar meir (og betre). Dette var eit produkt NJS ville satsa på og det var viktig at det var ein  marknad for dei trea som vart produsert. Prosjektet skulle gjera fordelane med produktet kjent i marknaden, få fram dei rette proveniensane og få tak i nokk av det retta frøet.

 

Norsk Pyntegrønt (m.a. Terje Pundsnes) hadde gjennom fleire år samla inn frø frå mange proveneinsar i USA og Canada og etablert proveniensforsøk her heim. Det var dette som var utgangspunktet når NJS satsa særleg på proveniensen Grassie Mountain frå British Columbia og liknande proveniensar.

 

Det viste seg at det var planta fjelledelgran i Suldals-heiane  på 20- og 30-talet. Desse gav frø med liknande eigenskapar som Grassie Mountain NJS gjorde avtalar med grunneigarane, og satsa på eigen frøinnsamling og eigne planter frå desse bestanda.                                                                                                                                                                                                                                                                        

 

 

Flyer på Langesømessa 2009

 

 

 

 

HARDANGER JULETRE AS

 

I Hardanger hadde ein del fruktdyrkarar satsa på juletre i tillegg til fruktproduksjonen. Det finst faktisk ein del felles kunnskap innanfor dyrkingsteknikk. Haringane sats stor sett berre på fjelledelgran. Klima her er optimal for denne produksjonen.

 

NJS hadde ein del samarbeid med Hardanger i 2010 og 2011. Det ført til ein diskusjon som konkludert med at begge selskapa ville tena på ei samanslåing

 

Hausten 2012 kjøpe NJS alle aksjane i Hardanger Juletre AS. Dei fleste aksjonærane i Hardanger Juletre kjøpe seg inn  i NJS og NJS kjøpte aksjane til dei som ville selja seg ut.

Etter dette hadde selskapet 82 aksjeeigarar.

 

 

 

PRODUKSJONSMILJØ

 

I tillegg til å skapa ein  lønnsom marknad for juletrea til eigarane og å skapa eit sterkt fagmiljø, har NJS alltid vore oppteken av og oppmerksom på kva det sosiale miljøet i dyrkargruppa har å bety. I samband med fagdagar, oppsumeringsmøte, generalforsamling, fagturar til inn- og utland osv, har det ofte vore knytta sosiale arrangement.

 

Norsk Juletrenesse har vore i ein særstilling her. NJS har i fleire tilfelle støtta messa økonomisk og delteke i arrangementskomiteen

 

Oversikt over daglege leiarar og styreleiarar gjennom 25 år.

 

Dagleg leiar:

 

1999-2003      Peter Sigmundstad

2004                Henry Ådland

2004-2005      Peder Egeland

2006-2008

2009                Jone Hagalid

2010-2012      Rønnaug Foss Alsvik

2013-dd          Mikal Hetland

 

Styreleiar:

 

1999-2003      Jone Hagalid

2004-2005      Svein Dybdahl

2006-2012      Arne Svandal

2013-2015      Mikal Hetland

2016-2022      Peter Sigmundstad

2023-dd          Harald Fuskanger                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                             JH 070324