Våre planter

Norsk Juletreservice sel planter til juletreproduksjon. Me forhandlar planter av fjelledelgran og nordmannsedelgran i mange ulike proveniensar. Plantene er produsert i gode planteskular både i Noreg og Danmark.

For å få eit godt resultat er det avgjerande å velje rett art og proveniens når du skal plante. I tillegg må du velje alder, størrelse og barrot- eller pluggplante. Me har god og brei erfaring kring valg av planter og proveniensar. Me hjelp deg å finne rett plante tilpassa dine dyrkingsforhold.

Kontakt oss for rettleiing og bestilling!

Me sel planter frå fjelledelgranprovniensen Sandsa. Dei kjem frå området kring Suldalsvatnet i Suldalsheiane. Desse plantene har vakse tre år i planteskular både i Noreg og i Danmark, og er klare for å plantast ut hos produsentane.