Me har eit stort og aktivt nettverk med produsentar som dyrkar juletre til våre norske og utanlandske kundar. Dei held til frå Vestfold i søraust til Hardanger i nord, og driv varierte produksjonar i omfang og treslag. Felles for dei alle er at dei leverer kvalitet og handtverk frå planten kjem i jorda til treet blir hogt.
Er du ny i næringa, lurer på å starte opp eller har erfaring frå produksjon? Ta kontakt med oss for ein uformell prat om korleis det er å vere juletreprodusent og kva me kan tilby deg som produsent.
Juletreproduksjon gir varierte arbeidsdagar ute med gode moglegheiter for tilpassing av produksjonen til dine forhold. Gjennom oss kan du få produsentavtale for levering av dine juletre til våre kundar. Å dyrke juletre er eit handtverk og me gir fagleg oppfølging gjennom samlingar der me deler kompetanse og erfaringar og møter andre i næringa. Som produsent hjå oss får du også hjelp til merking, hogging og palling av tre.
Velkomen til vårt nettverk av juletreprodusentar!
Under finn du rettleiingsmateriell og malar til bruk ved etablering av juletreproduksjon eller sal av juletre.
slik fyller du ut skjema
slik fyller du ut skjema
Under finn du rettleiingsmateriell og malar til bruk ved etablering av juletreproduksjon eller sal av juletre.
slik fyller du ut skjema
slik fyller du ut skjema